Vea-studenter på bedriftsbesøk hos Edel Design

Kommende mestere lærer av erfarne bedriftsledere!

Som en del av undervisningen på fagskoleutdanningen "Ledelse i håndverksfag" som fører fram til Mesterbrev, besøkte studentene denne uka Edel Design og Galleri Hjerterom som ligger på Alhaug Gard, i Ringsaker.

Edel Design

Edel Urstad startet opp Edel Design i 2000. Her designes og produseres klær i ull, silke, skinn, lin og hamp. Dette er rå eleganse i rene naturmaterialer. Som navnet viser til er det Edel som designer alle kolleksjonene. Edel tok imot oss med varme og åpne armer. Hun delte villig vekk av sine erfaringer og tok oss med på sin «opplevelsesreise» fra den spede oppstart og fram til i dag.

En av studentene, Tonje Indrearne oppsummerer dagen på denne måten:

Edel Design held til ved Alhaug gard, ut på Nes – Midt i Mjøsa! Det første ein kan tenke er «kva i all verden skal vi her ute på landet…?» Men for ein opplevelse, for ein vakker plass og for ei oppleving det er å kome til gards. Naturen, lyset, garden og sjarmerande Edel som står på tunet og tek i mot oss når vi kjem til tunet. Ho hand helsar på oss alle, det er ikkje tilfeldig, for ho helsar alle velkomne til gards. Vi blir ført inn og ned til låven der ho har sitt Galleri. Levande lys og gran viser vegen mot Galleriet. Det er kaldt ute, men inne på låven er det varmt og innbydande. Kaffe blir servert og Edel startar å fortelje om sine opplevingar som har ført ho fram til der ho er i dag.

Edel fortel om si reise til Canada, Indianarar og ungdomsprosjektet RAMP. Det er ikkje svært lite denne dama har opplevd og oppnådd. Ho følgjer ledestjerna si, ho held på med ting så lenge dei gjer ho godt og at ho trivast med det. Fortsatt har ho ein del ting å utrette her i livet, og dei planane «knar» ho i tankane sine dagleg. Men dei kjem ikkje før dei er heilt klare og modne for å setjast til livs.

Edel har skapt seg ein arbeidsplass ved heimen sin, dette for å få vere til stades heime for sine born. Ho har to som ho sjølv har fødd, ei stedatter og to fosterborn. Sjølv om ho trudde at med å vere tilstades på garden å arbeide ville ho vere meir heime er tankane ofte på reise. Ho er litt påkobla. Alle prosjekta og borna hendte på same tid i livet som ho skapte seg ein arbeidplass. Vi spør om ho nokon gong følte at ho mista «grepet» eller møtte veggen….. men nei, ho gjor ikkje det. Ho trivast med ho gjer. Ho fortel sjølvsagt at ting ikkje alltid er/var like lett, men det gjekk bra. Det er viktig å setje av tid til seg sjølv i kvardagen. Små pusterom der ein kan få sortere og trekke pusten for heile
dagen. Det treng ikkje ta så lang tid, men det er viktig å skape rom for det og gjennomføre det kvardag.

  

 

Edel har skapt seg ein arbeidsplass Midt i Mjøsa, ho har også bidratt til at dei har komt seg godt synlege på kartet. Ho tok initiativ til å starte ei gruppe som kaller seg – Midt i Mjøsa- Dei er no 31 bedrifter store og små som tek i mot mennesker som vil oppleve noko anna. Dei kan skilte med noko «nært, ekte og sanselig». Dei har virkelig blitt sett og dette har ført til 2 % folkevekst faktisk. Dei har også fått mange prisar for sitt arbeid for heimstaden sin.

Edel fortel oss om opp og nedtura, innanfor det å vere eigar og ledar for ei bedrift. Det er ikkje ein dans på roser å ha ansvaret for mennesker som skal heve lønna si i ditt livsverk. Det er ikkje enkelt å finne dei rette til jobben. No er ho heldig med dei ansatte, men det har ikkje alltid våre slik. 

Edel snudde bedrifta og tok tilbake salget rundt om i Norge. Ho har valgt å selge designa sine i sitt studio, og ikkje vere levrandør. Ho har pop-up butikker ved høve, som for eksempel på Røros. Ho hadde ti ansatte men no har ho fem. Dette valget bidro til at det blei betre arbeidsmiljø og mindre stress. Ein viktig faktor er også at ho får kundande sine til Galleriet og kan hjelpe dei betre med å finne noko som passar til dei. Ho har «prøvepress» og ikkje «kjøpepress».

  

 

Som ein kan sjå av bileta har Edel mange design. Ho fokuserer på ull og har ein særegen og heilt unik formsans. Mange av kleda er inspirerte av blomar, og det er eit mesterverk av detaljar i designet. Ho er takksam for at ho har dyktige medarbeidarar som kan sy slike unike arbeid. Det er svært viktig at ein har god kommunikasjon og kjemi med den som skal sy. Edel hadde ca. 300 ulike modellar utstilte i Galleriet. Likevel får eg opplevelsen av ro og struktur i lokalet. Edel er opptatt av at dei som skal hjelpe kunden har eit skarpt blikk og veiledar kunden på ein god og ekte måte. Er det nokon som kjem som ho ikkje finn noko som passar til, blir ho inspirert til å løyse det med å designe ein ny modell.
Edel vurder no å ha ein nettbutikk, men ho er usikker på korleis ho skal gjere det. Utstilling av produkt i nettbutikk er svært vanskelig då hennar klede bør prøvast på. Ho ynskjer ikkje å motta og sende pakkar i retur i fleng. Korleis kan ho best stille ut sine produkt i web blei diskutert. Her er det mange muligheter men ho vurder å starte med salg av varer som huer og enkle modeller som passer dei fleste. Kanskje kan bileta vere levande og ikkje så statiske som ein kan sjå på andre nettstadar?

  

Etter dette besøket blir ein heilt matt av beundring. Ho er unik. Alt er gjennomført og ho har klart å halde seg innfor si ramme av design.
Ho tenkjer nytt og ho vågar! Ho vågar å tru på sitt arbeid og gjer ofte det motsatte av det andre mennesker meinar er det rette.

……..……..så dette var ei god oppleving – Midt i Mjøsa-!!

  

Dette ble en lærerik dag på flere plan for kommende mestere og gründere, og det var en særdeles inspirert studentgruppe som returnerte til Vea etter dagens bedriftsbesøk.Tusen takk til Edel for en flott dag!

Tekst: Linda Edvardsen og Tonje Indrearne
Foto: Tonje Indrearne 

Oppdatert 02.03.2017

#veafagskole