English

Internasjonal fagskuleutdanning på Vea

Experimental expressions with plant materials, forkorta ”EX”, er eit internasjonalt studium ved Norges grønne fagskole – Vea. Her kan ulike handverkarar frå heile verda bli student og utvikle kreativiteten sin med plantematerialar. 

VG2 fekk i oppgåve å lage eit intervju med EX-studentane der vi får vete meir om studiet og korleis det er å studere internasjonalt på Vea.

Kva er Experimental expressions with plant materials?

- Vi eksperimenter mykje med plantematerialar og ulike teknikkar som f.eks. veving med stål og tråd. I tillegg gjenbruka vi også mykje frå komposten. Alt er lov når du gjeng på EX!

Er det nokon spesielle krav for å gå på dette studiet?

- Du må ha fellesfaga frå vidaregåande (alternativt realkompetanse) og håndverksfagleg bakgrunn. Det kan vere nyttig å ha erfaring med plantar, men det er ikkje nødvendig.

Korleis fann dykk ut om studiet?

- Nokon av oss fann studiet på nett og heimesida til Vea, brosjyre via hagemesse, og BLOK (http://www.blok.no/). Eg kjenner eine læraren vår, Runi Kristoffersen, litt ifrå før, fortel Trude.

Kva bakgrunn har dykk?

Det visar seg at studentane vi intervjua har svært ulik bakgrunn;

Bente har jobba i 30 år på Nordsjøen og har tatt kurs innen blomsterdekorering. Det er noko heilt anna å jobbe med maskinar til å vere her på Vea omgitt av plantematerialar, meina ho.

Anne Sofie jobbar som tekstilkunstnar i tillegg til ein ekstrajobb i psykiatrien. Sissel har jobba som legesekretær, og med omsorgsarbeid for barn og eldre. Ho har også gått på BLOK og privatskolar med teikning og maling. 

Det er også nokre Islandske studentar i klassen, alle dei er blomsterdekoratørar.

  

Kva inspirerte dykk til å søkje denne linja?

- Vi ville lære noko nytt og få lov til å utfolde oss kreativt. Omgivnadane rundt Vea er dessutan veldig fine med Mjøsa berre eit steinkast unna.

Korleis er skulekvardagen lagt opp?

- Den er føreseieleg og spanande, men med ein fast plan. For eksempel kan vi ha skule 10 dagar i strekk måndag-onsdag der vi også jobbar laurdag og søndag. Dei dagane vi studera fokuserer vi 100% og er engasjerte.

Korleis er det å gå på eit internasjonalt studium der alt går føre seg på engelsk?

- Det gjeng bra å snakke på engelsk, det er litt meir krevjande å skrive og levere inn alle oppgåvene på engelsk, men det går veldig greitt.

- Det er krevjande å ikkje snakke morsmålet sitt og det kan oppstå misforståingar. Vi er ikkje her for å lære engelsk, men ein må både kunne å prate og skrive på engelsk. Alt det skriftlege vi får er på engelsk og vi må sende inn alle oppgåver på engelsk.

Det som er unikt for EX er at samlingane forgår ulike stadar. Av sju samlingar forgår fem av desse på Vea, ein i Malmö og ein ved Arma di Taggia i Italia. Samlingane forgår over ein- til to veker.

- Då vi var i Malmö i november besøkte vi ulike kunstutstillingar, lærte om lysdesign og prosjektorganisering.  I april reiser vi til Italia, der skal vi mellom anna jobba vi i ein botanisk hage og lage installasjonar, gjerne med visne ting ifrå naturen anten i 2D eller 3D.

Kva oppgåver får dykk?

- Mellom kvar samling har vi heimeoppgåver der vi forbereder oss. Det er veldig forskjellig kva vi finn på, men vi har for eksempel hatt eit prosjekt der vi lagde blant anna maskar. Ein viktig del av pensumet vårt er gruppedynamikk, det å få ei gruppe til å fungere med ulike typar personar og måtar å lede ei gruppe på.

Trivast dykk?

- Trivast veldig godt. Følar oss privilegerte som fer vere her og er glad for å ha eit slikt artig og kunstnarisk nettverk. Anne Sofie seier at ho søkte på noko ho ikkje heilt visste kva var. ”Men slik må ein gjere av og til!” Det angrar ho ikkje på.

Kva er planen vidare?

- Anne Sofie skal fortsette som tekstil-kunstnar. Bente vil vere på BLOK når dei har behov for det. Trude har lyst til å dyrke ting på småbruket der ho bur. Ho har jord som ho har lyst å gjer noko med. Sissel vil bruke kreativiteten sin og seier at det aldri er bortkasta tid. Dei alle er einige om at dei ikkje går her for å samle studiepoeng, men for livserfaring og å kunne utvikle kreativiteten sin.

Vi takkar EX-studentane for ein hyggeleg prat og ynskjer dei lykke til vidare! Dersom du syns EX høyrast interessant ut kan du lese meir på Vea sin nettside: Experimental expressions with plant materials  

På Facebook blir det stadig lagt ut bilete, så det er berre å følgje med! Vea sin Facebook-side: https://www.facebook.com/veafagskole/

Skreve av Thea Høiberg og Julie Flem (elevar på Vg2 blomsterdekoratør)

Foto: Eli Bentzen

Her kan du sjå ulike artiklar frå samlingar med EX:

Studietur til Malmø

Workshop i Italia

 

 

Oppdatert 29.08.2018

#veafagskole