English

Julies utveksling til Finland

Som VG2 elev på Vea fekk eg vete at eg kunne søke om Eramus + stipend som ga meg mogelegheita å reise til Finland.

Eg var ein av dei heldige som vart plukka ut til å reise til ein av samarbeidsskulane til Vea. Det var mange forskjellege land en kunne søke om å få reise til, for meg blei det Finland i 2 veker. 

Dei fyrste dagane var vi hos skulen Keuda i Mäntsälä der vi fekk ei omvising (sjå video). Det var fint å sjå korleis andre skular er, ikkje berre Vea. Eg fekk dessutan eit godt inntrykk av lærerane, dei er flinke på å gi konstruktiv kritikk og gir ros til elevane når noko er skikkeleg bra. Nivået til elevane er svært høgt. Den veka vi var der hadde dei vinterferie, så der var berre nokre få elevar som forberedte seg til eksamen.

Etter vi hadde fått sett skulen og vete litt om korleis det fungera der, reiste vi til Mikkeli for å sjå ein blomsterdemonstrasjon. Det var ei utfordring då det naturlegvis gjekk på finsk. Var uansett innhaldsrikt der dei snakka om forskjellege måtar å pakke inn blomar på og korleis vi kan fronte/reklamere produkt (trur eg..)

Vidare førte reisa vår oss til Espoo der vi skulle få jobbe med ein freelancer ved namn Minna Penttala. Med ho fekk oss vere med på eit prosjekt der vi skulle lage brudebukettar og corsage samt bordpynt til ein photoshoot i Helsinki. Det som var spesielt var at alt berre skulle innehalde grøne materialar som ende opp med å bli veldig stilig og ny-tenkande! Vi samarbeida med ulike menneskjer for å få fine bilete dei kan bruke til reklamering (sjå video). Dette syns eg personeleg var det beste ved heile turen! Det var så utruleg gøy å få vere med på eit større prosjekt med folk som kan faget sitt og er engasjerte. 

   

   

   

Siste veka fekk vi vere hos ein veldig kjent blomsterdekoratør; Pirjo Koppi. Ho er ei veldig omsorgsfull og sprudlande dame som har lang erfaring i bransjen. Vi blei tatt i mot med opne armar. På grunn av yrket har ho fått reise verda rundt og har haldt utallige ”workshops” der ho visar ulike teknikkar og inspirerer andre som er interessert i faget. Ho er også veldig aktiv på sosiale mediar, så vi fekk sjå korleis det er ”behind the scenes” før ho postar eit nytt bilete. Det er inspirerande å sjå kor mykje arbeid det ligg bak kvart bilete ho legg ut som vi gjerne ikkje tenkjer over. Pirjo har utan tvil opna mine auge for korleis denne bransja kan vere, det er så utroleg mange mogelegheiter som eg er glad for å fått sett.

Å få reise til Finland gjennom Vea har vore ei fantastisk oppleving! Eg har lært så mykje og fått sett blomsterfaget i ein annan kultur. Sjølv om Finland ikkje er så alt for langt ifrå Noreg distanse-messig, ser en med ein gong kulturforskjellar. Dette er eg utruleg takknemlig for å få oppleve! Eg vil utrette ein stort takk til Eramus + for stipendet og sjølvsagt til Vea som organiserte reisa og gjorde dette muleg for meg.

Skreve av Julie Flem, VG2 blomsterdekoratør 2017/2018

Oppdatert 28.06.2018

#veafagskole